Presseveteranene i Oslo og Akershus   
Referater 2017  

Torsdag 2. februar 2017 Ei Nobel vitjing

Skyene låg over hustaka rundt Henrik Ibsensgate i Oslo då heile 59 personer - medlemmer av Presseveteranene, inkludert ledsagere - stilte seg i kø rundt klokka 10.30 for å besøka det mye omtalte og til tider omdiskuterte Nobelinstituttet. Der altså den enda meir omdiskuterte Fredsprisen blir kunngjort, etter grundige vurderingar og research.

I møterommet i 3 etasje, der både kunngjeringa av Fredsprisen skjer, og der det er internasjonal pressekonferanse med fredsprisvinnaren/vinnarane 9. desember kvart år, dagen før tildelinga, møtte me direktøren, Olav Njølstad. Han tok over etter Geir Lundestads 25 år lange styringstid.

Njølstad er i tillegg til å ha vore journalist i NTB, historikar med doktorgrad i historie, og har tidlegare jobba som forskningsdirektør på Nobelinstiltuttet og ved Institutt for forsvarsstudier og institutt for fredsforskning. Han har skrive fleire fagbøker og spenningsromanar, og fekk god omtale for sin biografi om Jens Christian Hauge

Fristen for å nominera kandidatar til årets Fredspris gjekk ut for to dagar sidan, 31.januar, og då vi var der visste ikkje Njølstad kor mange nominasjonar som var komne inn. For 2016 var det rekordmange nominasjonar, rundt 370. Presidenten i Colombia, Juan Manuel Santos, trakk det lengste strået.

Bygningen me satt i, i Henrik Ibsensgate 51, var bygd som privat villa i 1867. Kammerherre F.W. Treschow eigde den. Teikna av arkitekten Thøger Binneballe.

Ved restaureringa i 1903-05, blei jugendstilen teikna av Carl og Jørgen Berner. Etter dette blei prisutdelinga lagt hit, mens den før blei foretatt i Stortingssalen. Fra 1990 har seremonien funnet sted i Oslo Rådhus, etter at Universitetets Aula lenge var arena for tildelinga.

Denne verdens mest prestisjetunga fredspris er eit resultat av testamentet til Alfred Nobel, av 27.november 1895. Etter at han døydde 10. desember året etter, 1896, blir alltid Fredsprisen delt ut på denne datoen, 10.desember.

Olav Njølstad viste også til det fagsterke biblioteket Nobelinstituttet har under sitt tak. Biblioteket, som har vore etablert sidan september 1905, har i dag rundt 204.000 einingar - innan folkerett, fredssak, internasjonal politikk sidan 1800, og internasjonal økonomi.

Nobelinstituttet blei altså oppretta 1.februar i 1904, og PV var der "dagen etter", 2.februar 2017, for å støtte Komiteen i arbeidet med å leite fram vinnarane av Fredsprisen. Som alle veit, så har jo ikkje alle fredspristildelingane vore like populære, og noen har nekta å ta i mot Fredsprisen, som nordvietnameseren Le Duc Tho, som fekk prisen saman med Henry Kissinger i 1973.

Medlemmer av komitéen har også trekt seg i protest mot noen av tildelingane, som for eksempel Kåre Kristiansen, då Arafat fekk prisen saman med Rabin og Peres i 1994.

Etter orienteringa i storsalen i 3.etasje, blei gjestene frå PV viste rundt i dei to sentrale romma i etasjen, nemleg eit rom mye brukt til forskingssamtalar, samt det "heilagste" rommet, styrerommet der Nobelkomiteen bestemmer kven som skal få Fredsprisen. Olav Njølstad er sekretær for Nobelkomitéen, som i dag blir leia av tidlegare Høgreleiar, Kaci Kullmann Five.

Sigmunn Hebnes

Klikk på biletet for å sjå korleis det var der inne.